Besøkssenteret

opna dørane for publikum den 23. juni 2011.
Området kor besøkssenteret ligg i dag blei nytta av forsvaret fram til 2003. 
Senteret er eigd av Hægebostad kommune og Vest-Agder fylkeskommune.

Senteret består av kunst- og kulturhistoriske utstillingar, musikksal, kafè, museumsbutikk og turistinformasjon. Type utstillingar vil veksle frå sesong til sesong.

Tingvatn fornminnepark er kulturell møtestad i Hægebostad. Ei rekkje lag og foreiningar har aktivitetar og arrangement ved senteret heile året.
Det årlege Vikingtinget med skuledag i mai er førebels det største einskilde arrangementet på staden. Annan fast marknads- og messeaktivitet er i etablering. Senteret er oppe til faste tider gjennom heile året, og elles ved konserter, arrangement eller etter avtale.
Kulturskulen har fast undervisning i piano og gitar.
Senteret driv med utleige av lokalar til næringsverksem, møteverksemd og selskap.  

Bilde fra museumsbutikken
Kafeen
I kafeen serverer me enkel, kortreist mat, bland anna Tone si vikingsuppe med hjortekjøtt, Gerd sin heimelaga pizza, våre eigne sveler, samt is og diverse kioskvarer.


Museumsbutikken
I museumsbutikken finn du ei rekkje kopiar av historiske funn, glassvarer, sølv, spel og leiker, suvenirer og bøker.
Tematisk knyttar utvalet i butikken seg til vikingtid og historia på Agder.
Lokalproduserte kopiar av historiske pil og boge frå Kviljo Buemakeri er døme på noko ein ikkje finn alle stader.   

Nyhende